Bli medlem

I tillegg til medlemsfordelane du kan lese om på linken under, er det ein del fordelar som er knytt til Indre Sunnfjord Turlag. Dersom du melder deg inn i DNT vil du automatisk tilhøyre IST dersom du bur i kommunane Jølster,Førde,Gaular,Naustdal,Fjaler eller Askvoll. Du kan også be om at medlemskapen din vert knytt til IST sølv om du bur andre stader i landet.

Som medlem i DNT vil du sleppe turavgift på dei turane i regi av IST som har turavgift. Vidare får du låne turutstyr som Via Ferrata-syngjer, breutstyr, truger og anna, gratis.

IST har også ein avtale med Din Sport i Førde som gjev medlemer opptil 30% rabatt. 

MEDLEMSTILBOD

Alle som er medlemmar i Indre Sunnfjord Turlag  får følgjande rabattar hos Din Sport: 

  • Ferrino Telt, sekkar, soveposar, rumpetasker, liggeunderlag, 30% rabatt
  • Ferrino Fjell- og frìtidskle 30% rabatt
  • Baldas Truger 30% rabatt 
  • Iviund Sokkar 30% rabatt 
  • Marmot Fjell og fritidskle 20% rabatt 
  • Alfa\Crispi| Fjellstøvlar 20% rabatt 
  • Lowa\Scarpafjellstavar 20% rabatt 
  • Skiutstyr Ski, bindingar og stavar 20% rabatt 
  • Klatreutstyr Sko, tau, sìkringsutstyr mm. 20% rabatt 

Din Sport har óg drikkesystem, gamasjer, turstavar, spader, søkjestenger m.m. I tillegg er det avtalt større rabattar ved fellesinnkjøp til laget. Avtalen medfører også at Din Sport sin logo skal brukast i alle annonser, og i dei fleste publikasjonar i regi av Indre Sunnfjord Turlag.