Lån AV TURUTSTYR

IST har ein del utstyr som er til utlån for medlemer. Vi har økser, stegjern og selar for brevandring. Vidare har vi slyngjer for Via Ferrata, hjelmar og tau. Lista over utstyr vert supplert etterkvart.

Det er gratis for medlemer av DNT å bruke utstyret. Vi leiger ikkje ut til komersielle føremål eller til personar som ikkje er medlemer. Unnateke er dersom eit medlem har med seg andre som også treng utstyr. Desse skal då betale leige.  

Vi ynskjer å honorere dei som er medlemer og kanskje motivere andre til å melde seg inn i DNT.

Lånt (leigd) utstyr skal førast opp på lista som ligg på lageret. Dersom det er snakk om leige, send namn, tlfnr. og kva utstyr som er lånt til isturlag@gmail.com

Avklar alltid lån av utstyr med Jorunn Vågen (48141729 ) eller Asle Veien (97055203) eller Astrid Kalstveit (57 72 06 14). Det kan tenkjast at turlaget treng utstyr på turane sine.

Tinging og utlån av utstyr skal registerast her

Leigeprisar:

Skal betalast til Indre Sunnfjord Turlag til konto 3705.08.38995 og merkast med namn på DNT-medlem som var med på turen. Vi har og Vipps.

UTSTYR Leigepris 1 dag Tillegg pr, dag
Via Ferrata slynge 75.- 25.-
Hjelm 50.- 20.-
Sittesele 50.- 20.-
Stegjern 75.- 25.-
Isøks 75.- 25.-
Kroppsele 50.- 20.-
Karabiner 20.- 20.-
IST sitt lager.
IST sitt lager.

KANOAR

I Gaular har vi to kanoar. Den eine ligg i Lauvavatnet ved Tuftegarden 4H gard, den andre ligg i Lona ved Flatheim Friluftsgard 4H-gard. Flatheim har også eigne kanoar, som kan leigast om nokon treng meir enn ein på kvar stad. Den som ligg på Flatheim kan rimeleg enkelt flyttast over til Myravatnet, slik at dei kan padle i eit større fjellvatn.
Ved Bekkjavatnet i Førde ligg det to kanoar. Det same  ved Svidalsneset i Jølster og  ved Vonavatnet i Naustdal.

 I Fjaler og Askvoll har ikkje IST kanoar.

Redningsvestar må den enkelte ha med sjølv.
Dei fleste kanoane er låst med DNT-nøkkel som du får på turlagskontoret til kr 100.
Elles er det gratis å låne kanoane.