Bli med på TiTur Indre Sunnfjord!

Utsikt frå Skogstadfjellet mot Einehaugfjellet i Angedalen.
Utsikt frå Skogstadfjellet mot Einehaugfjellet i Angedalen. Foto: Roy Raasholm Fauske

TiTur Førde har modna og blitt vaksen. No har vi skifta namn til TiTur Indre Sunnfjord, og lokkar med turmål i heile Indre Sunnfjord. Men målet om å hjelpe deg med å bli kjende med endå fleire av dei mange flotte fjella rundt oss er det same.

Også i år har vi valt ut ti turmål rundt Førde, men til skilnad frå fjoråret ligg altså fleire av toppane i nabokommunane. Turane er lette til middels krevande og passar for dei aller fleste. Alle stiane er ikkje merka.

Besøk turmål, noter datoen på turkortet og skriv deg inn i boka, som ligg i turbokkassen på toppen. På nokre toppar ligg boka i den raude DNT-kassen, medan du på Venevasseggja (Gaular), Blåfjellet (Naustdal) og Smådalsnipa (Naustdal) finn boka vår i allereie eksisterande kassar.

 Lever det utfylte kortet på kontoret til Sogn og Fjordane Turlag i Førde. Alle som besøker dei ti turmåla i tidsrommet 1. juni–30. september 2017, og leverer turkortet innan 15. oktober, får titur-brettekopp og panneband i premie. Deltakarar opp til 13 år og over 67 år kan om dei ønskjer det heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane. Premiane vert levert ut fortløpande mot innlevert turkort. 

Nytt av året er at du og kan registrere besøket på fjelltoppen i den nye mobilappen SjekkUT. Her kan du registrere deg i den digitale gjesteboka med eller utan selfie. Men appen erstattar ikkje turkortet og signaturen din i turboka i boksen. :-) 

Viktig om Tindefjellet: Gardbrukaren som driv garden øvst på Årset ber om at turgåarar parkerer i siste svingen før tunet. Dersom det er fullt der, kan ein parkere på tunet under tuntreet eller snakke med dei som er heime på garden om kvar det høver å parkere.

Viktig om Middagsfjellet: Hugs at det er bompengar på vegen opp i Gjesdalen. Det kostar 50 kr for ei passering. God parkeringsplass.

Alle må ha kvar sitt turkort, og berre eitt turkort kan leverast per person. Turkortet kan du laste ned herifrå.

I tillegg til brettekoppane og pannebanda, trekker vi ut tre vinnarar blant alle utfylte turkort. Desse får kvar sitt gåvekort på 1000 kroner. Vi trekker og gåvekort blant dei som har sendt inn bilete til #istitur17.

Indre Sunnfjord Turlag kontaktar vinnarane før årsmøtet som vert halde i løpet av november. Premiane vert delte ut på årsmøtet.

Det er gratis for alle å delta.

Ruteomtaler
Slik kjem du deg til turmåla i TiTur Indre Sunnfjord (lenker til ut.no):

Einehaugfjellet (Førde)

Førdsnipa via Grovene (Førde)

Førdsnipa via Hjelle (Førde)

Kjelstadnakken (Førde/Gaular)

Sandegga (Førde)

Venevassegga (Gaular)

Tindefjellet (Jølster)

Middagsfjellet (Jølster)

Storehesten (Gaular)

Smådalsnipa (Naustdal)

Blåfjellet (Naustdal)

Spørsmål elles? Kontakt Roy Raasholm Fauske, tlf 970 55 206