Kvamme-Nesdalen – ein nedgang under tvil

Foto: Terje Jan Nes

Av vêret hadde vi ingen ting meir å vente, der vi spankulerte over breen mellom Flatsteinbu ovanfor Oldedalen og nedgangen til Ruteflotdalen og Nesdalen i Loen ein vakker sundags føremiddag.

Isviddene låg rundt oss og toppane stakk opp der dei høyrer til. Dei næraste berga er større enn før – breen er på slankekur.

Dagen før hadde vi, eit følgje på det magiske talet sju, baksa oss opp ein av dei store motbakkane som er å finne, frå Kvamme til Flatefjellet. Her er knapt eit steg som går nedover. Men der oppe nølte sola lenge før ho tok kvelden, og ingen vind hadde interesse av å søkje vårt selskap.

Så skulle vi altså ned att, i den ville og vakre Ruteflotdalen. Denne dalen er meir eigna for fuglar enn for folk. Det einaste unnataket – vår veg – er det òg grunn til å tvile på, ved første augnekast. Spora etter menneskeføter er små og sporadiske. Her var ei mykje brukt turrute så lenge det budde folk i Nesdalen, men no kan alle kjenne seg som pionerar, nesten. På ein slik stad er det berre å gøyme klokka, og bruke den tida som trengst. Det hadde truleg gått raskare oppover.

Villskapen har også sine frodige sider. Nede i dalbotnen er plantelivet rikt, og grøne fløyelsband går høgt opp mellom dei mange rasrennene. Her og der heldt hjorten oss med kortvarig selskap, før vi kom ned i den vakre og intense Nesdalen, med si dramatiske historie. Nå er den tidlegare grenda ein velstelt idyll ved det sommargrøne vatnet.


Turleiarar: Terje Jan Nes (foto) og Erik Solheim (referent)