Onsdagstur til Kleivafjellet

Yr gav oss som bestilt ein fin sommarkveld totalt fri for regn og skodde.

Vi var 7 turgåarar denne kvelden som let oss lokke til å gå tur i nytt terreng. Turleiar Gunnar Sunde losa oss trygt på god sti oppover lia frå HV 10-bygget på Skei til Vikastølen, derifrå lettgått terreng over skogsgrensa på tydelegvis mykje brukt sti . Frå toppen av Kleivafjellet fekk vi betalt for 850 høgdemeter stigning med ei fantastisk utsikt  over Jølstravatnet, Kjøsnesfjorden og innover mot Snønipa. Ein triveleg og pratande gjeng gjorde dette til ei flott oppleving. Vi takkar turleiar så mykje og garanterer han nye oppdrag.

Ref og bilder Lydia Nesje

Skrevet av Lydia Nesje 26. juli 2017