På tur utanfor alfarveg

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Åtte deltakarar var med på onsdagstur til Furebøsteinheia midt i ferien.

Det vart ein lang tur med litt krevjande start, med tett skog og bratt stigning. Men etter ca ein time var vi oppe på ca 600 meter og der var det lett fjellterreng med god utsikt.

Frå toppen av Furebøsteinheia gjekk turen ned på Furebøstølen der "budeiene" venta med svele og kaffi, før siste etappe ned att til vegen.

Tekst og foto: turleiar Kjell Arne Hjellbrekke