Frisk tur til Jarstadheia

Foto: Heidi Anne Brekkhus Ødemark

I dag gjekk turen til Jarstadheia via Haugland.

Ved oppmøte Esso Førde var vi to personar og ein hund. Det same var vi då vi starta turen opp frå Haugland kl. 10.

Det var meldt vekslande vêr, og det var det. Opp gjennom skogen gjekk det greit. Skodda kom og gjekk rundt oss, men på sjølve toppen og bortover var det nok vind til å halde den unna. Då vi nådde toppen letta skodda såpass at vi kunne sjå ned til Dale. Så det var ein frisk tur, og på veg ned att kom sola fram.

Trass vêrforholda var turen unnagjort på 3.5 timer.

Helsing turleiar Heidi Anne Brekkhus Ødemark