Onsdagstur til Smådalsnipa

Skoddetur til Smådalsnipa med utsikt ein berre måtte gjette seg til...

Onsdagstur til Smådalsnipa

Vi var ein fin flokk på åtte og gjekk i jamn fart frå Kleppstølen via Stehoggestølen mot Smådalsnipa. Vêret skifte, stort sett opplett og så vidt eit gløtt av sol, men ei regnbye då vi gjekk ned att. På toppen kom tjukk skodde samtidig med oss, så utsikta måtte vi berre gjette oss til. Alle skreiv seg i bøkene, og vi tok ein kort matpause i le, så var det ein times tur ned att til Kleppstølen. Takk for ein hyggjeleg tur!

Turleiar, tekst og foto ved Sigrid Gjelsvik


Skrevet av Lydia Nesje 13. juli 2017