Nytt om Longevasshytta

Foto: Kjell Kleiven

Her kan du lese sist nytt om utvidinga av Longevasshytta og føremelding for ruta dit.

For dei som har besøkt hytta dei to siste åra har nok hatt meir ein opplevelse av at dei har komt til ein byggeplass enn ei turisthytte.

Grunnen til dette er at hytta har gjennomgått ei utviding og oppgradering. Det har til tider vore uframkommeleg både ute og inne, og den har også i ein periode vore heilt stengt.

Arbeidet med innreiing har pågått høsten 2016 og og våren 2017. I denne perioden har hytta vore open, men med noko redusert standard, men no er byggearbeidet over og hytta er klar for nye og gamle gjestar.

Dei som besøker hytta i nær framtid vil nok sjå at det kanskje manglar ei list her og der, ein stige til ei seng og litt andre småting, men dette kjem på plass før nyopninga av hytta i august.

Tar du turen vil du komme til ei hytte som ikkje har forandra seg nemneverdig utvendig, bortsett frå at den er blitt tre meter lengre mot vest og at den har fått nokre nye vindauge.

Innvendig er forandringane merkbart større. Stort nytt, lyst og luftigt opphaldsrom med sofa og sittegruppe, eit nytt soverom med familieseng, ein ny og triveleg hems med liggeplass til 3-4 personar.

Faste sengeplassar er utvida frå 7 til 11 sengar. Den gamle hemsen er som før, liggeplass til 15-20 personar.

Kjøkkeninnredninga er skifta ut med ny, med meir benkeplass og gasskomfyr, 4 bluss og bakarovn.

Kjøkkenbordet er flytta til der sofaen sto før (nytt kjøkkenbord kjem i august), i kjøkkenkroken står det no ein ny sofa, bord og to stolar.

Uthuset med hundebur og sengar til hundeeigarar er også utvida.Her er arealet dobbla, og per i dag er det ei seng som er tilgjengeleg, men på sikt blir det 2 nye sengar her.

Alle som har vore på Longevasshytta før vil nok sjå stor forskjell no, i forhold til korleis det var før, og til dei som ikkje har besøkt hytta før er det no på tide å ta turen.

Etter siste dugnadshelg, 30.06-02.07 er heile hytta skura og vaska, alle sengklea er skifta og klargjort for ein ny sessong.

Stien frå Legestølen er for det meste snøfri. Det ligger nokre snøfenner innover langs Stegsvatnet, men desse er fine å gå på.

Inne ved sjølve steget ligger det også eit par små snøfenner, desse er heller ikkje noke problem å forsere, og eg vil tru at innan eit par veker er desse heilt vekke.

Tekst og foto: Kjell Kleiven, leiar i hyttestyret i Indre Sunnfjord Turlag

Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven