Onsdagstur til Espenipa 5. juli

Foto: Kjell Kleiven

Denne onsdagen tok vi turen til Espenipa, og tru det eller ei, det regna ikkje ein einaste drope. 

Vi gjekk opp frå Erdalen, langs Løypingselva, og vidare forbi Klopstadstølen, det vart ein liten pause på Klopstadstølen før vi sette inn toppstøtet. 

På toppen skein sola og det var nesten vindstilt, men temperaturen kunne nok vore høgare, vi fekk so vidt ete opp det vi hadde med oss av mat før tennene begynte å skrangle.

Vi kom oss vidare før vi fraus fast, og turen fortsatte mot Fossastølen, og ned på Fossen. I lågare lende var det heitare i vêret so vi hadde totalt sett ein fin tur. 

Vi var 12 stk og brukte ca 4 timar.

Tekst og foto: turleiar Kjell Kleiven

Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven