Afrikanske rytmer på stølsvollen

Foto: Siss-May Edvardsen

Kring 200 små og store tok turen til festivalkonsert på Halbrendsstølen.

I strålande sommarvêr fekk ein strålande opplagt Kouame Sereba alt frå starten med seg publikum med sine fengjande rytmer. Sereba, som er frå Elfenbeinkysten, er kjend for sine magiske evner til å få kontakt med publikum. Denne kvelden var det dei minste han hadde fokus på - og som fekk leika seg litt til afrikanske rytmer.

Turen til Halbrendsstølen og konserten på stølsvollen er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Indre Sunnfjord Turlag/Barnas Turlag.

Før konserten var det grilling på stølen, og vertskapet stilte som vanleg med velfylt kakebord, kaffi og saft. Både stølshus og uthuset stod og opne for publikum. Stor takk for det!

Helsing IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke