Lørdagstur til taket

Turen på Taket i Fjaler sist laurdag baud på ei ekstra utfordring.

Vi møtte opp med Essoen klokka 09:00, og då vi gjekk frå Huseklepp var turfølget blitt totalt 9 personar (inkl to turleiarar).

Det gjekk greit opp gjennom lia. Tørr sti og fin temperatur, sjølv om sola ikkje skein. Praten gjekk lett og latteren sat laust. Vi gjekk til Kvilesteinen, kryssa elva og vidare opp Bjørndalen til Vardevatnet der vi hadde vår første lengre pause.

Derifrå gjekk turen i delvis merka sti til Taket kor vi møtte andre turgåarar som kom frå Dale-sida.

Tåka kom og gjekk. Vi starta nedturen mens vi hadde peiling på rett sti. Tåka vart ei utfordring og gjorde til at vi fekk ein ekstra tur på Taket, men den letta og det gjorde vi òg. So då bar det strake vegen heim. Og alle var enige om at det hadde vore ein lærerik tur.

Helsing turleiar Heidi Anne Brekkhus Ødemark