Wire både opp og ned

Foto: IST

Dei 15 som fekk utdelt Via Ferrata-slyngje og alt det anna som må til for ein tur opp Ormen Lange i Loen, hadde vore tidleg ute med å melde seg på. Det var fort fullt.

Indre Sunnfjord Turlag ynskjer ikkje å bli ein konkurrent til Loen Aktiv, men synes det er kjekt å ha turen på programmet. Vi tek derfor ikkje med mange deltakerar og turavgifta går uavkorta vidare til dei som syter for vedlikehald av ruta. 

Aldri før har så magne gått Ferraten på ein dag. Loen Aktiv hadde langt over 100. I tillegg er det ein god del som går på eiga hand, som IST.  
Heldigvis var det vindstille og varmt vêr, for pausene vart mange og lange. Alle frå turlaget kom seg greit opp brattene og over brua, men ein del droppa nok wireen sidan det vart mykje venting. 

Det var ein del nye opplevingar på turen i år. Frå tid til anna kom det susande folk med vinddress rett over hovudet på oss. Folk er galne! Det kjekkaste nye for oss med beina på jorda, var at vi slapp den forholdsvis kjedeleg gåturen ned til Oppheim.. I år betalte dei fleste nokre hundrelappar, 350 for vaksne, for å ta Loen Skylift ned igjen. 

Takk for turen til ein sprek og triveleg gjeng. 

IMG_0889
Via Ferrata 01.07.17

Skrevet av Asle Veien 1. juli 2017