Onsdagstur til Fossedalshengenipa

Foto: Frida Mulen

Mange turgåarar ville være med på onsdagstur på årets lengste dag, ein flott kveld i ytre strok.

Var så heldige at vi fekk opphaldsvêr på onsdagsturen, og 18 turgåarar møtte opp og ville vere med. Vi køyrde til Markavatnet og følgde ruta mot Nipebu, forbi Svortevikstølen og Krokavatnet. Vi trefte ein kar som fortalde at før i tida vart dyra frakta over fjorden med båt frå Svortevik til Flokeneset, derifrå gjekk dei inn til stølen for å gå på sommarbeite der. Enno har dei sauer her, men no blir dei frakta med bil. Vi tok av til venstre og følgde ryggen oppover. Askvoll har fjelltrimpost her i år, så det er godt merka og postkasse på toppen. Vi fekk ein god pause her oppe på 713 m.o.h. og sett på utsikta frå øyane utanfor Florø, til Nipebu, til Fossedalen og Heileberget, Søre og Nordre Kringla, Eitrenipa, mot Blægja og Heilefjellet. Ein vindstille og fin kveld for oss 19 som var tur her på årets lengste dag :)
Ref og turleiar Frida Mulen


Skrevet av Lydia Nesje 27. juni 2017