Har du lyst  å låne kanoar?

Foto: Jill Årdal

IST har til utlåns kanoar for dei som ønskjer å nye naturen på eit stille vatn.

I Gaular har vi to kanoar. Den eine ligg i Lauvavatnet ved Tuftegarden 4H-gard, den andre ligg i Lona ved Flatheim Friluftsgard 4H-gard. Flatheim har også eigne kanoar, som kan leigast om nokon treng meir enn ein på kvar stad. Den som ligg på Flatheim kan rimeleg enkelt flyttast over til Myravatnet, slik at dei kan padle i eit større fjellvatn.

Ved Bekkjavatnet i Førde ligg det to kanoar. Det same ved Svidalsneset i Jølster og  ved Vonavatnet i Naustdal.

 I Fjaler og Askvoll har ikkje IST kanoar.

Redningsvestar må den enkelte ha med sjølv. Dei fleste kanoane er låst med DNT-nøkkel som du får på turlagskontoret til kr 100.

Elles er det gratis å låne kanoane.

Vi har og anna utstyr til utlån for medlemmer.