Bli med på TiTur i Dalsfjorden

Foto: Monika Johansen

Vi utvidar tilbodet og tilbyr ein heilt eigen TiTur Dalsfjorden frå 1. juli.

Inspirert av Titur Indre Sunnfjord har vi laga til ein Titur Dalsfjorden. Vi har tatt utgangspunkt i merka stiar langs fjorden , og har plukka ut fem toppar i kvar av kommunane Askvoll og Fjaler. Vi har som mål at både tilreisande og fastbuande skal oppdaga fleire av dei fine toppane og fjella vi har langs Dalsfjorden. 

Turane er lette til middels krevande og passar for dei aller fleste. Det er gratis for alle å delta! 

Besøk turmål, notèr datoen på turkortet og skriv deg inn i boka i den raude postkassen.  Alle toppane har også stigruppene sine eigne postkassar – så skriv deg inn i begge bøkene. Ein kan også registrere besøket mens du er på fjelltoppen i appen «SjekkUT». Dette er ei slags digital gjestebok som du kan registrere deg i med eller utan selfie. Men appen erstattar ikkje turkortet og signaturen din i turboka i boksen.  

Levèr det utfylte kortet på Yx sin bensinstasjon i Dale eller Askvoll. Alle som besøker dei ti turmåla i tidsrommet 1. juli - 30. september 2017, og leverer turkortet innan 10. oktober, får titur-brettekopp og paneband i premie. Deltakarar opp til 13 år og over 67 år kan om dei ønskjer det heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane. Premiane vert levert ut fortløpande mot innlevert turkort. 

Alle stiane er merka med startpunkt og undervegs av dei lokale stigruppene i dei to kommunane. Mange av dei er ein del av prosjektet Kystarven der ein merka 20 stiar i kvar kommune i Hyllestad, Solund, Gulen, Askvoll og Fjaler.  

Alle må ha kvart sitt turkort, og berre eitt kort kan leverast per person. Turkortet kan du laste ned herifrå. ​​​​​​​

I tillegg til brettekoppane og pannebanda, trekker vi ut tre vinnarar blant alle utfylte turkort. Desse får kvar sitt gåvekort på 1000 kroner. Vi trekker også gåvekort blant dei som har sendt inn bilete til #titurdalsfjorden17. 

Trekkinga av gåvekorta skjer i løpet av siste haldvdel av oktober 2017. Vinnarane blir kunngjorde på nettsida til Indre sunnfjord Turlag, og overrekkinga skjer på eit arrangement i oktober. Alle vinnarane vert kontakta.

Ruteomtaler

Slik kjem du deg til turmåla i TiTur Dalsfjorden (lenker til ut.no)

FJALER:

Einingsfjellet

Vardeheia

Flekkestølen

Taket

Jøtelshaugen

ASKVOLL:

Bakkekletten

Dokka

Bakkefjellet

Fristadfjellet

Blåfjellet

Spørsmål elles? Kontakt John Lien på tlf. 918 61 083.