Våt sjufjellstur

Her er gjengen som fullførte årets sjufjellstur samla. Vi gratulerer med vel gjennomført tur.
Her er gjengen som fullførte årets sjufjellstur samla. Vi gratulerer med vel gjennomført tur. Foto: Kjell Kleiven

7-fjellstur nr 23 vart ein svært varierande tur i forhold til vêr og føre.

Det var opphaldsvêr, fin temperatur og nokolunde tørr og fin sti første halvdelen av turen.

Etter den første lange matpausen ved Bekkjavatnet, starta vi på turen oppover mot toppen av Hafstadfjellet. Her møtte vi regnet, som vi hadde venta på. Regn og vind på toppen freista ikkje til nokon lang stopp her, og turen gjekk fort vidare til Soleide.

Ny pause ved Soleide, der vi søkte ly i tett granskog. Og om nokon var tørre no, var det nok siste gongen denne dagen.

Vi traska vidare over Viefjellet. Vi kom oss heilskinna ned dei bratte og sleipe liane mot Ramstad og Ryggjabrua.

Tradisjonen tru vart det servert pizza og brus ved Ryggjabrua, ein god oppfriskar før det siste fjellet. 26 av 28 startande ville prøve å nå målet. Om motivasjonen var på topp hos alle skal vere usagt, men vi kjempa oss oppover steg for steg. Stien var meir som ei elv, men vi nådde toppen av Førdsnipa litt før kl 20.00.

Dette er ein lang og tung tur, som krever sin mann/kvinne. Den går over sju fjell, er  ca 4 mil lang og byr på 3000 høgdemeter opp og 3400 høgdemeter nedover.

Det er ein stor prestasjon av alle som går heile denne turen. Eg tar meg den friheit å nemne nokre av dei: David Engesæter (9) var den yngste og Andreas Etterlid (74) var den eldste som fullførte. Andreas har fullført alle åra.

Tre unge jenter, Mali Engeseter (13) har fullført fire gonger. Julie Fonn Kleiven (14) har fullført tre gonger og Celine Kvamme Myren (15) har fullført to gonger.

Tekst og foto: turleiar Kjell Kleiven