Jammen fekk vi godver på Førdsnipa

Foto: Terje Mo

Etter dårlege, våte meldingar for onsdag tidleg i veka, slo ettermiddagen til med godver.

10 spreke møtte på Hjelle og la frisk i veg opptil Hjellestølen og vidare til topps. Sjølv om søla skvatt rundt føtene og fluger og mygg var trufast med oss til topps var det ikkje noko å seie på  humøret. Ikkje lang stopp på toppen, men vi registrerte oss både i boka og via appen.

Det obligatoriske toppbildet var tatt før vi snudde på heimveg. Ei valde å ta turen ned att via Hornesstølen. 

Ivrige fotografar fann mange flotte motiv undervegs som eg håpar dei deler med oss andre.

Ein fin kjekk tur i godt ver!!!

Minner om neste vekes onsdagstur som går til Fossedalshengenipa.

Helsing turleiar Jorunn Vågen