Gåve til turleiarane våre

Foto: Roy Raasholm Fauske

Vi ønskjer å takke alle våre turleiarar for innsatsen med ei gåve i høve 150-årsjubileumet til DNT.

19. januar 2018 inviterer DNT til stor jubileumsfest i Oslo spektrum. Foreininga vår inviterer då alle som er interesserte i natur, friluftsliv og flotte kulturopplevingar til ei reise gjennom 150 år. Denne kvelden vil du få møte mange av Norges flottaste artistar, iblanda filminnslag frå tilbodet til DNT, spennande historier og flotte naturbilete i ei fantastisk framsyning.

Turleiarane gjer ein kjempeinnsats med å ta med små og store ut på tur og aktivitetar i naturen gjennom heile året. Styret i Indre Sunnfjord Turlag ønskjer difor å markere det store jubileumet med å takke alle som har vore turleiarar i 2017 med ein gratisbillett (verdi 595 kroner) til "Tidenes turfest".

Ønskjer du å nytte deg av gåva, må du melde frå til styret på e-post: isturlag@gmail.com innan fredag 23. juni. Då det er avgrensa med billettar, må du vere sikker på at du kjem til å bruke billetten. Reise, opphald og evt andre utgifter i samband med arrangementet må du betale sjølv. Det er berre ein billett pr person.  Ønskjer du å ta med deg fleire, kan billettar kjøpast på nettet.