Seniortur til Høgeheia

Seniorgruppa hadde ein svært vellukka tur til Høgeheia 10.juni i flott vær.

Kjendtmann Dag Tore Mjåseth og kona Anita losa oss frå Holevika til toppen på beste måte.Vi brukte nesten to timar opp og omlag ein time nedatt, begge vegar via Taraldebotnen, den kortaste ruta som er vist i Opptur-boka. Til saman var vi elleve stk på turen, men to meir innfødde låg eit hakk føre oss andre. På toppen hadde vi matpause  ilag og kunne nyte utsikta i alle retningar. Som ein kan sjå av bileta var det nokre skoddedottar rundt omkring, og vi kunne ikkje sjå heilt ut til oljeplattformene. Men det var eit godt turvær, mykje betre i ytre strok enn i indre. Dag Tore fortalde kva vi såg, frå Ytterøyane og Kinn via Bremangerlandet til Svortevika og Kvellestad, for ikkje å gløyme Alden og tallause andre øyar. Vi fekk også høyre om kopargruvene i Grimelia. Det var stas å kome til Staveneset og det er allereie ynskje om å setje turen opp på programmet også neste år. Med godt selskap i bilen gjekk det som ei røyk å køyre dei seks mila frå Førde.Tusen takk til turleiarane og alle som var med.

Tekst og foto Sigrid Gjelsvik

Skrevet av Lydia Nesje 11. juni 2017