Halbrend skule drog til fjells

8. klassingar ved Halbrend skule i Førde på Opptur til Hornnesstølen.
8. klassingar ved Halbrend skule i Førde på Opptur til Hornnesstølen. Foto: Brita Kirkeeide

Ein støl og ein bergvegg. Det freista eit syttitals elevar frå Halbrend skule i Førde til fjells onsdag 7. juni.

OPPTUR er ein årleg, nasjonal turdag i regi av DNT der 8. klassingar over heile landet blir inviterte til ein dag med friluftsliv, fysisk aktivitet og naturopplevingar. Indre Sunnfjord Turlag tilbyr inviterer alle ungdomsskular i vårt nedslagsfelt til å vere med. Hos oss vert dagen som oftast markert med ein fjelltur, anten i mai eller juni.

Onsdag 7. juni var dagen komen for at dei tre klassane på åttande trinnet ved Halbrend skule skulle få vere med oss på fjelltur. Turen gjekk til Hornnesstølen 500 meter over fjorden og Førde sentrum. Rundt 75 elevar pluss lærarar stilte sporty opp og gjekk opp den bratte Eventyrstien. Sjølv om stien var bratt, var stemninga og motivasjonen god hos dei fleste.

Vel oppe på stølen var det tid for niste og ein smak av fjellklatring for dei som ønskte det. Klatringa var svært populær, og var turens høgdepunkt for dei som prøvd seg i fjellveggen - skal vi tru ansiktsuttrykkk og samtalane mellom elevane. Nedatt gjekk turen i godt driv til Gjelet på Hundvebakke.

Turleiarar frå IST var Asle Veien og Roy Raasholm Fauske