Kring 70 gjekk til støls

Dagens tur til Hjellestølen var rett og slett ein opptur.

I det grå og litt kjølige været samla det seg til slutt rundt 70 turfolk seg til friluftsgudsteneste i hustuftene. 12 ungdommar som har gått på leiarkurs i kyrkja i vinter fekk sine kursbevis.

Etter den 25 minutters lange/korte gudstenesta med salmar som "Fagert er landet" og "Alle fugler små de er" og forbøn for natur og folk, grilla mange før dei gjekk anten, nedigjen, opp på Førdsnipa, Steinheia eller begge.

Takk for lånet av Stølen. Dette gjer vi gjerne igjen.

Tekst og foto: Erling Nydal