Tåka letta såpass at vi fekk utsikta

Fin tur i litt vekslande ver, men nesten fritt for regn, og så godt som vindstille, iallefall for å vere på Alden.

Skodda låg så langt ned at omlag heile turfølgjet på 36 var innhylla i det gråkvite teppet som tok vekk den storslåtte utsikta, som ein elles kan oppleve på Alden ein fin og spegelklar dag. 

Då vi nærma oss toppen letta skodda såpass - for ei stund - at vi fekk eit lite glimt og vel så det av storslått landskap, slik at og vi kunne nyte nista medan vi såg oss rundt.

Like fort som tåka forsvann kom den igjen, og sikta var så dårleg at vi ei stund ikkje såg frå siste til første person i turfølgjet.

Vel nedeatt  på  200 moh klarna det oppatt. På kaia var det klebytte og tid for og ta inn resten av medbrakt turmat. Dei yngste kunne nok godt tenkt seg eit bad.

Helsing turleiar Kjell Arne Hjellbrekke