Opptur til støls

På Skei gjekk Oppturen for 8. klassingane til støls.

I alt åtte elevar frå 8. klasse ved Skei skule deltok på Opptur onsdag 31. mai. Turen gjekk til Fossheimstøylen ved Skei. Som bileta syner var det ein glad gjen som gleda seg stort over å vere på tur. Dei var glade for å sleppe den tunge teoretiske onsdagen på skulen. Tåke og kaldt ver la ingen dempar på stemninga.

Helsing Irene Befring