Langs veglause grender

Arne Alræk fortel historiar frå den tid han budde på garden Alræk.
Arne Alræk fortel historiar frå den tid han budde på garden Alræk. Foto: Anita Taftø

Søndag 28. mai arrangerte Indre Sunnfjord turlag og Balestrand og Høyanger turlag tur langs veglause grender i Sogn. 51 deltakarar slo følgje på vandringa frå Ortnevik i Høyanger til Sylvarnes i Vik.

Turen starta frå Ortnevik kyrkje der turdeltakarane følgde traktorveg ut Ortnevika. Vidare gjekk turen på gamle stiar gjennom skog og liar med nokre elvekryssingar. Etter ein times gange kom vi til garden Kroksnes og ein liten halvtime seinare til Nybø. Begge desse gardane er forlengst fråflytte og ber tydeleg preg av det. Frå Nybø beveger vi oss inn i Vik kommune. Ein halvtimes gange frå Nybø kom vi fram til Alræk, 118 moh. Alræk består av 3 nedlagde gardbruk. Her var vi så heldige at Arne Alræk, som er fødd og oppvaksen på garden, var heime på helgetur. Han kunne fortelle om korleis det var å bu på Alræk og om skulevegen sin, første skulehalvåret til Vetlesand og seinare til Ortnevik. Det var ingen foreldre som følgde borna til skulen den gongen!

Etter ein lengre matpause og gode fortellingar frå Alræk, gjekk ferda vidare mot Vetlesand. Vetlesand har sommardrift med frukt- og bærproduksjon. Garden ligg fint til ned mot sjøen og har eigen kai som hurtigbåten går innom. Stien vidare gjekk gjennom skog til vi kryssa elva Gila, via ei flott bygd trebru. Før Stavedalen kryssa vi elva, Skredbakka. Dei fleste kom seg tørrskodde over. Bruka på Stavedalen er alle nedlagde.

På Indrebø var det tid for ein lengre matpause før siste etappe opp til Hanekam 142 moh. Hanekam består av to nedlagde gardsbruk, men her dukka det opp nokre geiter og hester. Mellom Hanekam og Sylvarnes var det fin skogsveg å vandre på. Sylvarnes er einaste garden det framleis er fastbuande på. Her er det heilårsdrift med kyr, sauer og hest. Skulehuset på Sylvarnes er i dag ei turisthytte, eigd og drifta av Vik kommune. Etter 6 timar, med eit par timar pausar til saman, og ein 11-12 km var vi ved vegs ende, Sylvarnes kai. Vi følgde M/S Tansøy til Finden og Vik før vi returnerte til Ortnevik.

Takk til alle for ein hyggeleg tur langs veglause grender!

Tekst og foto: Anita Taftø, Balestrand og Høyanger Turlag