Flott utsikt frå Ådneburen
Flott utsikt frå Ådneburen Foto: Lydia Nesje

Ein sommardag på tur med IST til nabofylket i sør

 Denne laurdagen var vi i turlaget spente på kor mange som ville kome for å være med på turen til Ådneburen i Hordaland, litt lenger reiseveg enn vi brukar å ha .

 Heldigvis møtte det opp 6 ivrige tursjeler i Førde, ytterlegare ein møtte på Oppedal, ein  ved Duesund og turleiar + 1 til sto på ferjekaia på Masfjordnes.  Vi reiste frå Førde i lettskya vær og køyrde sørover i etterkvart strålande solskin nett slik yr hadde lova. Dei fleste av oss hadde ikkje teke kabelferja frå Duesund tidlegare, så det var no ei oppleving i seg sjølv. Etter å ha møtt turleiar Geir Andvik på kaia køyrde vi tilsaman 10 stk innover Masfjorden til den vesle bygda Andvik. Med sol, irrgrøne bøar og blikkstille fjord synte området seg fram frå si beste side. Vi fekk orientering om regionen og litt lokalhistorie av turleiaren før vi besøkte landhandelen, dei fleste var einige om at butikken hadde det meste vi trengte sjøl om den eine turdeltakaren ikkje fekk kjøpt seg shorts, isen var god og sola skein. Så starta vi turen med bomvegen oppover Meisdalen og  på grunn av det fine været parkerte vi  bilane ved Storevatnet og gikk 1,5 km på grusveg oppover den flotte dalen. "Turkoden" var denne dagen at vi skulle ha god tid og kunne nyte turen i behageleg tempo. Oppover Meisdalen gjekk vi langs elva i lett terreng før dalen smalna litt inn og vi fortsette på godt tilrettelagt sti med heller og stein, stølsvegen såg ut til å være mykje brukt. Vi tok første rast ved elva midt i dalen og praten gjekk lett i det fine været. For alle utanom turleiaren var dette første gangen på tur til Ådneburen og for eine deltakaren var det første turen nokon gang med eit turlag sia ho nett hadde meldt seg inn i DNT,  alltid kjekt med nye medlemmer i IST. Oppe i skaret opna landskapet seg opp og vi såg bortover til ulike stølsgrender, mange flotte vatn i området, og vi fekk ei klekkeleg flott fiskehistorie frå ein som hadde fiska i vatnet der ved skaret. Herifrå gjekk vi opp ei litt bratt li og deretter småkupert vidare til toppen.  Vi møtte mange turgåarar, kjekt å sjå at både små og store nyt slike dagar til fjells. Vel oppe hadde vi ein times rast der vi kunne nyte den flotte utsikta, litt disigt vestover men uansett flott, landemerka nordover med Lihesten, Storehesten og Blægja var lette å få auge på. Dette var ein fin tur i nytt terreng og det kom forslag om at neste år burde vi ta ein ny tur med overnatting i telt ved eitt av dei fine vatna vi såg ned til, det er i alle fall tydeleg at folk likar seg på tur og gjerne i nytt landskap. Vi takkar turleiar for ein strålande dag


Roleg start på grusveg langs Storevatnet
Roleg start på grusveg langs Storevatnet Foto: Lydia Nesje
Turleiar orienterer om området
Turleiar orienterer om området Foto: Lydia Nesje
Stien slynger seg fint oppover Meisdalen
Stien slynger seg fint oppover Meisdalen Foto: Lydia Nesje
Ei god fiskehistorie vert fortalt...
Ei god fiskehistorie vert fortalt... Foto: Lydia Nesje
Småkupert lett terreng mot toppen
Småkupert lett terreng mot toppen Foto: Lydia Nesje
Utsikta mot vest frå toppen
Utsikta mot vest frå toppen Foto: Lydia Nesje

Skrevet av Lydia Nesje 31. mai 2017