Seniortur til Engjabøfjellet

Foto: Sigrid Gjelsvik

Fin tur, sjølv om skodda øydela litt for utsikta.

Berre tre personar møtte opp til seniorturen på Engjabøfjellet onsdag 24. mai. Litt av årsaka var kanskje sykkelløpet og stenginga av vegane.

Vi tre hadde ein fin tur, trass litt skodde som dempa utsikta, og vi rakk Førde i god tid før «silinga» av trafikken tok til. Takk for turen!

Turleiar Sigrid Gjelsvik