Onsdagstur i vest ein sein kveld

Positiv turgjeng ved Nipevatnet.
Positiv turgjeng ved Nipevatnet. Foto: Lydia Nesje

Sykkelrittet Tour des Fjords var ei god opplading før kveldens tur som hadde  avreise noko seinare grunna stengde vegar.

Sju turglade sjeler og ein hund troppa opp til onsdagstur. Etterkvart klarte vi å kome oss forbi kaoset i Førde sentrum, og køyrde vestover til Eikefjord der turleiar Hege Kristiansen + hunden Balder møtte oss.

Rasteplassen ovanfor Eikefjord er eit ypparleg utgangspunkt for stølsturar/fjellturar, og ifølge Hege har ulike grendelag gjort ein formidabel innsats med merking og tilrettelegging av desse turstiane.

Vi gjekk altså på godt merka sti oppover i skogen til Eikefjordstølen, og vi fekk tidleg god utsikt nedatt til bygda og vestover ut fjorden. Trass i tidvis skodde tykte vi som sindige sunnfjordingar at vêret var no ikkje så gale, det var iallefall opplett. Vidare gjekk stien i lett terreng utover lia til Hovlandsstølen. Vi var alle einige om at vi også skulle ta turen vidare opp til Nipevatnet trass i at det vart noko sein retur. Fortsatt svært godt tilrettelagt sti opp til det delvis islagde vatnet. Vi kunne lese i turboka at det var ein turgåar som hadde bada i vatnet 17. mai, men det inspirerte ikkje nokon av oss til å gjere det same.

Returen gjekk via Hovlandsstølen og grusvegen derifrå tilbake til bilane. Vi takkar turleiar Hege for ein flott tur og kjem gjerne tilbake.

Tekst: Lydia Nesje

Klare til avgang.
Klare til avgang. Foto: Lydia Nesje
Eikefjordstøylen.
Eikefjordstøylen. Foto: Lydia Nesje
Flott utsikt frå Eikefjordstøylen.
Flott utsikt frå Eikefjordstøylen. Foto: Lydia Nesje
Nipevatnet.
Nipevatnet. Foto: Lydia Nesje