Aka heimatt frå gudstenesta

Foto: Jan Roar Sekkelsten

Kristi himmelfartsdag synte seg ikkje frå si beste side, men friluftsgudsteneste på toppen av Fauskevarden vart det likevel.

Kristi himmelfartsdag var det klart for den andre turen i samarbeidet mellom Indre Sunnfjord Turlag og soknerådet i Førde om friluftsgudstenester. Klokka 11 var det møtt fram ti deltakarar, noko som må seiast å vere bra på en dag der meteorologane hadde meldt skodde og småregn, og fekk rett. Vi steig som meisteren opp, og blei borte i skyene.

Frå Vasslia var det bløtt sommarføre innover myrane og oppover dei to-tre bratte kneikane. Søle og vått berg krevde sitt av sko og klede, og ved foten av siste ryggen møtte vi snøen. Der møtte vi òg nokre sprekingar som allereie hadde vore på toppen og no tok snaraste vegen ned, på buksebaken nedetter i snøen.

Vel oppe fann vi oss ei lun grop der vi tok til oss næring for både kropp og sjel. Då var vi blitt 13 til gudsteneste ved Erling Nydal. Utsikten snytte skodda og/eller skyene oss for, men presten brukte natur og vêr til å gi innsikt i kvifor denne dagen fortener raud farge på kalenderen. Deretter var det vår tur til å ake. Utruleg nok gjekk turen ned mykje fortare enn turen opp, sjølv om det var same distansen og like mange høgdemeter.

Det blei ikkje noko solskinnshistorie dette. Men sol i sinnet kan ein ha kvar dag, same kor mykje det regnar og bles. Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

Neste friluftsgudsteneste er på Hjellestølen 2. pinsedag, 5. juni. 

Tekst og foto: turleiar Jan Roar Sekkelsten - som akar i videoen under