Påfyll av proviant og ved

I dag flaug vi opp nye forsyningar til Nipebu og Massbu. Med andre ord er begge hyttene klare for å ta imot sommargjester.

- Det er no godt med proviant på Nipebu, seier leiar i Indre Sunnfjord Turlag, Kjell Arne Hjellbrekke. Han var med å tok imot tre helikopterløft med forsyningar på Nipebu og eitt løft på Massbu.

I tillegg til store mengder mat, vart det floge opp to mål ved og nye sengeklede til Nipebu. Skittentøyet gjekk i retur med helikopteret. :-) På Massbu er det ikkje mat, men hytta fekk påfyll av andre naudsynte forsyningar.

På Nipebu er også båten komen på vatnet. Med andre ord er både Nipebu og Massbu no klare for sommarsesongen.

- Vi har mange dyktige folk som gjer ein stor dugnadsinnsats for å halde hyttene i god stand, rosar IST-leiaren.