Vårkåte elvar hindra oss i å nå Maritinden

Nokre meter lenger ned stuper fossane ned bergsidene.
Nokre meter lenger ned stuper fossane ned bergsidene. Foto: Jan Bremer Remø

Vi var sju som fredag kveld starta frå Grøndalen med mål om å kunne klatre på Maritinden dagen etter.

Blåbrebu ved Ålfotbreen er ikkje den lettast tilgjengelege DNThytta i  landet. Etter 3-4 timar i skog som stadig tok tak i skia stikkande opp frå ein godt lasta ryggsekk, kryssing av elvar som meir enn gjerne ville oss skysse heim att, stod vi framfor døra på Blåbrebu som var... LÅST! Fortvila leiting etter nøkkel som var tilpassa låsen. Forgjeves! Leiting etter mobilsignal for å kunne ringe til nokon som visste kvar nøkkelen var. Forgjeves! 

Ein kraftkar brukte makt, tilsvarande ein lite bulldoser, på døra og voala... døra var ULÅST!  

Seint laurdag kveld kunne Meterologisk institutt  fortelje at Svelgen var varmast plassen i landet denne dagen. Det kan vi som prøvde å forsere flaumstore elvar på veg mot Maritinden frå sør, skrive under på. Vi brukte laaang tid leitnade etter ein plass det var mogleg å passere utan å setje livet på spel, men gav til slutt opp. Maritinden forsvinn ikkje med det første,vi kjem igjen. 

Så vart det heller ein skitur på Trollebotsnipa. Vidare og meir variert utsyn er det vanskeleg å finne. Havet i vest, breane i aust og hylleformasjonane i Ålfoten, mellom der. 

Sidan tåka skulle kome sigande på ettermiddagen vart det retur til Grøndalen, laurdag ettermiddag. No var Storbotskarselva verkeleg hissig! Litt forskjellige teknikkar var brukt for å kome over. Nokre hoppa frå stein til stein, andre la delvis på svøm med brevatn til langt oppunder armane. Sidan elva går stri frå foss til foss nedover dalen, var klatretauet rundt magen ,innfesta på andre sida av elva, ei heilt naudsynt livsforsikring.  

Ein sprek turgjeng avslutta turen med kaffi, is og pølse på bensinstasjonen i Naustdal. Vel fortent! 


På jakt etter mobilsignal
På jakt etter mobilsignal Foto: Jan Bremer Remø

Skrevet av Asle Veien 21. mai 2017