Trassa regn og sludd

Foto: Lydia Nesje

18 modige maur trassa regn- og sluddbyger, og tok seg onsdag kveld opp til Naregga i Naustdal frå Mortensbakke.

Henning Malones var trygg og god turleiar og kjentmann. Varierande utsikt til trass, og temperatur som ikkje innbaud til langtrukken kveldsmat ved varden, blei det ein fin tur. Men vi rakk å signere turboka, notere turkoden til tituren i Naustdal og sjekke inn på SjekkUT. På vei nedatt gjennom skogen høyrde vi at det rasa voldsomt på andre sida av fjorden, innunder Heilevangstaurane. Dessverre fekk vi ikkje sjå hendinga. Nede ved bilen stoppa klokka på 2 timer og 45 minutt. Ein heilt overkommeleg onsdagtur altså.


Neste onsdag går vi gatelangs i tog. Om to veker rykker vi inn i Flora, og har Eikefjordstølen, Hovlandsstølen og Nipevatnet som mål.


Tekst: Jan Roar Sekkelsten