Eit fjell og ei skjorte - på Gravdalstinden 6. mai

Foto: Dag Nestegjerde

Utsynet ville ingen ende ta.  Ikkje så mykje som ei rand av dis var å få auge på i det fjerne, der var berre fjell – tind bak tind. 

Vi stod på Gravdalstinden, 2113 meter nærare himmelen enn havet.  Over oss hang sola med full styrke; det var nok med ei einaste skjorte på, jamvel om ho var dogglagd av sveitte. Og vi hadde altså gått dit på ski, fram til dei siste bakkane opp til toppen. Dei som vil vite kva vi såg, kan ta fram kartet over heile Jotunheimen. 

Gravdalstinden ligg søraust for Sognefjellshytta, med ein døsande Storebjørn stikkande opp av snøhiet lenger nord denne laurdagen – den 6. mai.  Det var ein slik dag som ingen sunnfjording ville våga å rekne med på førehand.

Nede i Fortun dreiv våren på med å puste grønt inn i eit veksande bladverk på tre og gras.  Fossen i Åselvi hang som ei altartavle i grenda. På Turtagrø serverte dei middag til kveik og glede medan sola seig ned i sine kvite dyner. Ho var på offensiv mot dei kalde maktene og trong ein rast mellom slaga.  Det er kontrastane som gjev livet innhald, skreiv Bjørn Amsrud.

Turleiarar: Terje Jan Nes og Erik Solheim (referent)

(det var 17 deltakarar på turen til Gravdalstinden. Fleire av dei var og med på Luster Turlag og Sogndal Turlag sin tur til Loftet dagen etter.)