Oppturen starta først i Naustdal

Foto: Pål Arve Myklebust

Årets Opptur i Naustdal gjekk til Ørneklumpen og Stehoggenipa tysdag 2. mai.

Dette er eit fjell, som er godt synleg frå sentrum, men som ikkje så mange har vore på. Det var ein heilt fantastisk dag, med sol og stort sett vindstille heile turen. Sjølv om vi måtte klatre litt, sidan vi gjekk feil og at vi måtte vasse litt i snø, la dette ingen dempar på den storslåtte utsikta vi fekk på toppen. Super utsikt til sentrum, Heilefjellet og Storehesten i sør-vest, Sandfjellet, Smådalsnipa og Høgefjellet i aust og Blånipa og Ålfotbreen i nord.  

Nokre vonde kne og ein vrikka fot på vegen ned, gjorde turen endå tyngre, men alt i alt var det ein fantastisk tur!

Naustdal barne- og ungdomsskule var første ute av  skulane i Indre Sunnfjord Turlag sitt nedslagsfelt. Opptur er ein del av skulesatsinga til DNT.  Det er ein nasjonal turdag der åttandeklassingar over heile landet vert inviterte med på ein dag med friluftsliv, fysisk aktivitet og naturopplevingar.

Greie og flinke ungdommar! 

Helsing turleiar frå IST, Sigrid Gjelsvik