Sesongstart for seniorgruppa

Seniorgruppa hadde ein god start på sesongen med turen til Svistølen.

Tolv deltakarar var med, og det var mange lovord over turområdet, terrenget, utsikta og den fine dagen. Det store treet på biletet vart vurdert til mange kubikkmeter, var det minst tolv? Tusen takk for turen til alle som var med!

Turleiar Sigrid Gjelsvik