7-fjellstur i storslagen utsikt

1200 høgdemeter, 14,5 kilometer og storslagen utsikt. Det er stikkorda for sjufjellsturen i Askvoll.

Denne turen vart arrangert 1. mai i eit nydeleg vêr og med 35 entusiastiske turdeltakarar. Turen markerer starten på fjellskosesongen i Indre Sunnfjord Turlag. 

Turen starta heilt nede ved sjøen ved kyrkja i Askvoll, og gjekk over følgjande fjell på Askvollhalvøya: Blåfjell - Eggjene - Hjartåsen - Smørkletten - Eggjene - Kultingane - Fristadfjellet.

Vil takke alle som møtte opp for å sjå den vakre naturen så langt vest, og ein spesiell takk til Svein Follevåg som hjelpte til med å gjennomføre denne turen.

Tekst og foto: Turleiar John Lien