Laga seljefløyte på fjellturen

Foto: Annlaug Birkeland

Barnas Turlag Naustdal drog til fjells for å lage seljefløyter.

Seljefløyteturen til Speningsvatnet søndag var kjempeflott! I alt 30 små og store var med på turen.

Første stopp på turen var Flagdet, og der var det jammen ei hengekøye som var freistande for både born og vaksne. :) Her laga vi seljefløyte etter god rettleiing av turfølgjet, tusen takk! Her kunne vi vore heile dagen. Nydeleg utsikt, varmt og god turstemning, men målet var Speningsvatnet og alle ville fortsette.

Neste stopp på turen var Seljevollstølen, og der vart vi overraska med pølse og brød - og hjelp med våte sokkar og sko. :) Så gjekk vi ein liten tur lenger oppå fjellet, og då var vi komen til Speningsvatnet. Der var det varmt og stilt i vêret og borna leika og utforska naturen rundt vatnet.

Turen ned igjen gjekk raskt med småsprang og lette hopp - utanom eit lite stopp ved hengekøya, litt utforsking om bukkene bruse var under steinbrua i tillegg til å studere og kanskje beundre ørna som segla høgt på himmelen.

Tusen takk til kjentmann Liv Jorunn Seljevoll, Hannis og førstehjelpsutstyret hans og heile turfølgjet. Takk for flott tur!

Tekst og foto: Annlaug Birkeland