Blegja 30.4. – ikkje i handel

Foto: Jarl Moldestad

Vêret og snøen var så ideelle at det er ikkje stort å skrive om skituren til Blegja 30. april, anna enn det enkle ordet strålande. 

Betre vilkår for glede i vårfjellet er for tida ikkje i handel. Etter nattefrosten var snøen hard under skoa nesten like til eit bratt opptak i Kvamsskaret, der morgonsola hadde vore framsynt og gjort skaren føyeleg under skia. Seinare kunne ho gjerne ha spart litt på kreftene – på slutten av dagen møtte vi gjennomblaut sørpesnø. Men heller ikkje med ski på føtene er det berre å krevje her i verda, litt strabasar må vi tole.       

Motbakkane til toppen gjekk unna så enkelt at først på nedturen viste dei seg i sine sanne dimensjonar.  Og som rimeleg er, nokre snodde seg i unnarenna raskare enn andre. Men sola tok det roleg i sitt sig mot vest; det var tid nok til alle, 29 i talet. 

I høgda har ikkje Blegja konkurrentar på langan lei. Auga rakk over fleire planlagde storkommunar mellom Ytterøyane og Snønipa, Ålfotbreen og Stølsheimen. Dette fjellet må ha vore ei flott reservehamn for hekser.

Turleiar og referent:  Erik Solheim.