No kan du registrere turen på mobilen

Last ned DNT sin nye turapp "SjekkUT" og registrer turane dine. Du finn mange lokale turmål i appen.

I fjor fekk Den Norske Turistforening (DNT) ein million menneske på tur. No tek organisasjonen nye, digitale grep for å gjere det endå kjekkare å vere ute.

Den nye "SjekkUT"-appen er ein digital versjon av turboka som vi blant anna finne på mange fjelltoppar.  Den er gratis og kan lastast ned til smarttelefonen, anten i Appstore eller Google Play.

Det er dei lokale turlaga som vil bestemme kva for turmål du kan sjekke deg inn på i den nye appen. Det kan vere både fjelltoppar, turpostar og hytter som er populære turmål. 

I Indre Sunnfjord Turlag vil alle TiTur-toppane vere i appen. Dei er alt søkbare, men berre besøk mellom 1. juni og 1. oktober er med i trekning om premiar. Meir info om TiTur Indre Sunnfjord kjem i mai.

Hittil har vi også lagt inn hyttene våre (Longevasshytta, Nipebu og Massbu) og dei 13 merka nærturane (åtte turmål) rundt Førde.  Vi satsar på å legge inn fleire turmål etterkvart. Utfyllande informasjon om turane finn du på ut.no.

Send oss gjerne tilbakemelding på turmåla, omtalen eller om du har forslag til nye turmål/lister. Vi har e-postadresse: isturlag@gmail.com

Turmåla våre er delte inn i lister, førebels fire i talet: TiTur Indre Sunnfjord, Nærturar i Førde, Sjufjellsturen i Førde og Turlagshytter i Indre Sunnfjord.

Appen kan sjølvsagt brukast over heile landet. Dei nærmaste turpostane vil alltid visast først i appen. Det betyr at om du t.d. bur i Førde, så vil du også få opp liste over mange spennande turmål som Flora Turlag har registrert lenger vest.

Elles fungerer "SjekkUT" slik at når du er 50 meter frå turmålet kan du sjekke inn på turposten med mobiltelefonen. Den er utstyrt med kart, som saman med innsjekking, også fungerer offline. Karta syner turpostane i nærleiken.

Det er og mogeleg å ta bilete i appen og dele på sosiale medium. Du kan også leggje igjen ei helsing i ei digital gjestebok som er knytta til kvar turpost.

Velkomen på tur – no også med digital turbok!