Onsdagsturane startar  3. mai

Foto: Lydia Nesje

Det nærmar seg fjellskosesongen, og vi startar oppatt med onsdagsturane onsdag 3. mai. Her har du turoversikten.

Som tidlegare år vert det oppmøte kl 18.00 ved Esso i Førde for samordna transport. Til hausten kan det verte nokre turar som startar kl 17.-17.30.

I år vert ikkje kvar enkelt tur annonsert i Firda. I staden vert turane annonserte i den månadlege turoversikten i Firda, i tillegg til at de vil finne turane i turoversikten på nettsida vår. Vi vil og poste påminningar om turane på Facebook-sida vår.

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølv om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også være sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Oversikta viser kva turar vi har planlagt, men det kan verte endringar så vi oppfordrar dykk til å følgje med på nettsida vår og Facebook.

Ansvarleg for Onsdagsturane er Lydia Nesje. Er det spørsmål eller tilbakemeldingar, er Lydia rette adressaten. Ho har tlf 959 07 019.

God tur! :-)

Dato

Turmål

Turleiar + evt kjentmann/-kvinne

3/5

Hornnesstølen/Klumpen, Førde

Terje Jan Nes

10/5

Nareggja, Naustdal

Lydia Nesje + Henning Malones

24/5

Eikefjordstølen/Hovlansstølen/Nipevatnet, Flora

Lydia Nesje + Hege Kristiansen

31/5

Hegrenesnipa, Jølster

Ronny Iden + Knut Skurtveit

6/6

Tindefjellet, Jølster

Lydia Nesje

14/6

Førdsnipa via Hjellestølen, Førde

Jorunn Vågen

21/6

Fossedalshengenipa, Askvoll

Frida Mulen

28/6

Blåfjellet, Naustdal

Sigrid Gjelsvik

5/7

Espenipa frå Erdalen, Førde

Kjell Kleiven

12/7

Krunene, Førde

Sigrid Gjelsvik

19/7

Furebøsteinheia, Førde

Kjell Arne Hjellbrekke

26/7

Kleivafjellet, Jølster

Lydia Nesje + Gunnar Sunde

2/8

Fløyen, Askvoll

Anita Rennestraum

9/8

Kvamsfjellet, Jølster

Lydia Nesje

16/8

Halbrendsnipa, Førde

Asle Veien

23/8

Sandeggja, Førde

Per Tore Meier

30/8

Drøsinga, Holsen/Førde

Atle Holsen

6/9

Skogstadfjellet, Førde

Roy Raasholm Fauske

13/9

Eikåsnipa, Førde

Frida Mulen

20/9

Avslutningstur m/grilling v Bekkjavatnet, Førde

Jan Roar Sekkelsten m/fl