Tur med gudsteneste

Mange nytta seg av nytt tilbod. 

Omlag 20 var samla i strålande ver 2. påskedag då turlaget og soknerådet i Førde for første gong samarbeidde om friluftsgudsteneste ved Botnavatnet i Angedalen. Jan Roar Sekkelsten var turleiar, medan ungdomsprest Erling Nydal sto for gudstenesta.

Tekst og foto: Jan Roar Sekkelsten