Nærmare 70 på bretur i skodda

Lang, lang rekke nærmar seg toppen.
Lang, lang rekke nærmar seg toppen. Foto: Vigdis Flaten Kvamme

Dei siste åra har vergudane vore på vår side, blå himmel og sol. I dag ville dei det annarleis, skodde, regn, sludd, snø og vind.

Grovabreen

Nærmare 70 personar var klare for tur. Praten gjekk lett, skodda låg tett, men ingen klaga. Etter matpausen røska veret godt i oss. Då vi nådde toppen, skimta vi sola så vidt gjennom skylaget. I dag var det fire ungdommar (under 16 år) som imponerte stort, dei gjekk utan å klage.

Unnarennet er noko vi som har vore der før gledar oss til. I dag måtte vi til tider køyre i kolonne. Det positive var PUDDER!

I det vi kom ned att til bilane, kom sola. Konklusjon; flott tur med kjekke folk.

Takk for turen!

Tekst og foto: Vigdis Flaten Kvamme