Har du turbilete frå skog og fjell i Førde?

Foto: Atle Holsen

I så fall håpar vi du kan hjelpe oss med fine motiv til dei nye informasjonstavlene som skal setjast opp.

Førde kommune (i samarbeid med IST) er i innspurten med utforming av info.tavler til Prosjekt nærturar i/rundt Førde, og eg assisterer kommunalsjef Trond Ueland i arbeidet. No vil vi fri til IST, styret, grupper og einskildpersonar, om å hjelpe oss med gode bilete frå desse turane/rutene til bruk på info.tavlene, lita tavle ved startpunkta og stor tavle i sentrum.

 

Motiv og tema kan vere fritt valde, dvs. det kan vere detalj eller kuriositet på ruta, kulturminne, folk på tur med eller utan hund, utsikt på ruta eller toppen, botanikk, ver/lys/fargar; - kort sagt det meste. Så må bileta vere skarpe og med god oppløysing til ev. forstørring.

 

Eg kan vere postmottak for bilete på e-post, og du/de må oppgje namn på fotograf, kva rute biletet er frå og ev. lokal stad på ruta. Alle årstider er aktuelle. Vi kan diverre ikkje honorere økonomisk, men kanskje vi får plass til å oppgje namn på fotograf på tavlene. Elles vonar vi at de ser på dette som viktig dugnad som mangt anna i IST.

 

Vi vil gjerne høyre frå deg som har bilete innan påske.

 

Med helsing

Atle Holsen,

Tlf. 907 29826

E-post: atholsen@online.no