Vêret la ingen dempar på topptur

Foto: Arnfinn Valaker

Fem morgonfriske turentusiastar hadde stilt fram klokka til sommartid, og var klare for turen til Tortnegrøegga. 

Grått og tungt sunnfjordvêr la ingen dempar på interessa for topptur. Ved avgang frå Befring fekk vi også med oss ei frå Gloppen. Tåka låg på toppane i Stardalen, men det var mildt og bra vêr.

 

På Flatjord-/Grepstadstølen tok vi første matøkt. Der gjekk vi gjennom litt om skredfare og ruteval. Tok og ein rask gjennomgang i bruk av skredsøkar og korleis ein enkelt kan måle hellingsvinkelen på terrenget ved hjelp av skistavane. Skredvarsel var faregrad 3 i dag, så det var viktig å halde seg i terreng under 30 grader.

 

Vi kryssa oss sakte, men sikkert oppover lia i våt og litt tung snø. På ca 1100 moh kom vi opp i tåka og blindeføre. Vi valde då å ta av fellene og gjere oss klare for det kjekkaste - nedrennet. Flott nedrenn til stølane og skia var på heilt til bilane.

 

Konklusjonen var klar: det er kjekt med skitur også i grått vêr. 😊

 

Takk for turen!

 

Turleiar Arnfinn Valaker