Her er alt du treng vite om Øyane over

Store Batalden, Øyane Over 2016.
Store Batalden, Øyane Over 2016. Foto: Arnfrid Bergheim

Her kan du lese og skrive ut informasjonsskrivet om klassikaren "Øyane over" i Flora-skjergarden, der Indre Sunnfjord Turlag for første gong er med som arrangør.

Båttur og fottur på øyane Hovden - Batalden - Skorpa - Kinn 21. mai. 

Les: info-ark om turen

For første gong går den tradisjonsrike turen til Flora Turlag i samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. Dette er årets første utgåve av turen. Turen går også under Kom deg ut-dagen 3. september.

Det er korte og lette turar på kvar øy. Dersom du ønsker, kan turen bli meir krevjande om du går alle toppane.  Du får med deg det meste av skjergarden utanfor Florø. Ei kulturvandring i kysthistorisk landskap.  

Turen vart arrangert første gong for 40 år sidan. 

Turen tek 12 timar. Du kan velje om du vil gå over toppane eller langs sjøen på alle øyane. For å få båttransporten mellom øyane til å fungere må det vere eit visst tempo på turane over toppane.  Det er lettare turar for dei som ikkje vil gå over alle toppane.

For deltakarar frå Førde og omland vert det samordna transport frå Esso i Førde kl 06.00.

Båten går frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 07.00Møt opp i god tid for å registrere deg og få billett. Ved betaling i bank er det viktig å merke innbetalinga med namn! Hugs å ta med kvittering. 

Påmelding og informasjon:

Indre Sunnfjord Turlag: Jorunn Vågen 481 41 729. Bruk gjerne e-post: jorvaage@online.no.

Flora Turlag: 481 23 163 Arnfrid Bergheim eller 415 49 299 Astrid Breeiland Eliassen.

Bindande påmelding innan laurdag 20. mai kl 18.00.

Siste retur frå Kinn kl. 18.30  tilbake på Fugleskærskaia i Florø til kl. 19.00 -  då båtane skal inn i ordinær rutetrafikk.

På Øyane Over kan dei som vil gå langt, fort og høgt gjere det, men det er også mogeleg å ta det litt meir roleg. Rutealternativa på Øyane Over finn du på informasjonskrivet – vi kan ikkje tillate eigne rutetrasear.  Dersom veret eller andre forhold tilseier det kan vi korte ned på turane og gjere ruteendringar undervegs.

Prisar:

Medlem i turlaget/DNT: kr. 600

Ikkje medlem: kr. 650

Ungdom < 25 år med studentbevis kr. 550

Kontonummer:  3775 65 53268

Les meir om turane her - turane er beskrevne her, men vi deler opp rutene.  Følg turleiarane og deira rettleiing.

http://www.ut.no/tur/2.15892/   Turen på Hovden

http://www.ut.no/tur/2.7246/     Turen på Batalden 

http://www.ut.no/tur/2.10008/   Turen ned frå Blåkollen - Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15864/    Turen rundt på Skorpa

http://www.ut.no/tur/2.15886/    Turen rundt på Kinn - Sunnivaleia

http://www.ut.no/tur/2.15885/    Turen rundt på Kinn - gjennom Kinnaklova