Truger gav meirsmak

Fire turgåarar møtte opp og ville vere med underteikna på trugetur til Nordheia og Djupvikenipa.

For tre av turgåarane var det førstegongstur på truger, og dei gav uttrykk for at det gav meirsmak.


Ikkje dei beste vêrmeldingane i dag, men nokså vindstille og fint på veg oppover, litt meir vind når vi kom opp på platået. Alt i alt ein fin tur på perfekt trugeføre ilag med ein fargerik og kjekk liten gjeng :)


Tekst og foto: turleiar Frida Mulen