Topptur på truger til Fauskevarden

Vi nærmar oss toppen av Fauskevarden.
Vi nærmar oss toppen av Fauskevarden. Foto: Roy Raasholm Fauske

I strålande solskinn gjekk årets topptur på truger av stabelen lørdag 4. mars.

 Vi var 5 stykker frå Esso i Førde då vi gav oss i veg. I Vasslia auka deltakartalet til 13;  2 menn og 11 damer, som la i veg på truger mot Fauskevarden.

Vi var nokre nybyrjarar og andre godt røynde. Det gjekk flott opp mot Fauskevarden som låg bada i sol. På toppen var der noko vind som gjorde "pitstoppen" kort. Vi fann litt le så vi kunne smake på nista og få litt varmt å drikke, mens vi iakttok den nydelege utsikta i alle himmelretningar.

Så bar det ned igjen. Truger er ein veldig fin måte og ta seg fram på, både opp og ned, så dette gav meirsmak for mange av dei som deltok.

Tekst: Turleiar Heidi Anne Brekkhus Ødemark.

Fellesbilete høyrer med på alle turlagsturar. Ein fornøgd gjeng på toppen.
Fellesbilete høyrer med på alle turlagsturar. Ein fornøgd gjeng på toppen. Foto: Roy Raasholm Fauske