ToppturCamp på Longevasshytta

Torsdag 23. februar stod 10 ungdomar pakka og klare i Årdalen. Etter fleire dagar med nedbør, vart skyene endeleg erstatta av blå himmel og strålande sol.

Med laussnø i fjella, låg alt til rette for fire fantastiske dagar på ToppturCamp ved Longevasshytta. Etter drøye fem timar, var det ein sliten gjeng som stod utanfor Longevasshytta. Ikkje mange minutt seinare, var sofaen full av deltakarar, innpakka i ullpledd.

Utover kvelden vart stemninga berre betre og betre. Og då arbeidsoppgåver skulle fordelast, måtte vi først spele eit slag kort. Taparane fekk sjølvsagt «drittjobbane». Sola gjekk ned bak fjella, og vi gjekk til sengs.

Neste morgon strålte sola på same vis, og alle var gira på å kome seg ut på topptur. I det vi hadde fått fellene på skia og var klare til å gå, tok det til å blåse og sikta vart dårlegare. Likevel bestemte vi oss for å gå mot toppen av Trollebottsegga. Og då vi var på toppen kom sola tilbake, men vinden hadde berre vorte sterkare. Likevel klarte vi finne laussnø på veg ned fjellsida.

Tredje dag ved Longevasshytta vart sikta svært dårleg, og vinden var fortsatt like sterk. Derfor vart det ingen topptur denne dagen. I staden bestemte vi oss for å droppe klipper. (Nesten) fryktlaust kasta alle seg utfor klippene. Om ein gjekk på tryne, var det berre å spenne på skia og prøve på nytt. Sjølv med «dårleg» vêr verka det som alle var fornøgd med dagen.

Søndag vart vêret igjen bra, og vi fekk ei flott avslutning på ein fantastisk tur!

På DNT ung Indre Sunnfjord si Facebook-side kan du sjå mange flotte bilete frå helga ved Longevasshytta.


Tekst og foto: DNT ung Indre Sunnfjord