Følg oss på Instagram

No kan du dele turminna dine med IST på Instagram og.  Vi set stor pris på alle typar bilete frå skog og fjell. Korte og lange turar. Aktivitetar for både små og store.

No har Indre Sunnfjord Turlag og fått sin eigen profil på Instagram. Her håpar vi du vil dele gode turminne, opplevingar og visuelle turtips med resten av medlemmane - og verda elles. Til glede og inspirasjon for alle andre. Skriv gjerne ein kort tekst og bruk emneorda #indresunnfjordturlag,  #isturlag eller #dntungist. Vi kan ikkje love at vi deler alle bilete, men eit godt utval vil verte delte vidare.

Elles er det viktig at du følgjer nokre enkle "køyrereglar":  Ved å bruke dei nemnde emneorda godkjenner du at Indre Sunnfjord Turlag kan dele dei på Instagram-profilen vår. Du kan berre dele bilete med oss som du sjølv har teke, og du må sjølv kunne stå inne for at dei som er på biletet har godkjent det for deling. Vi godkjenner alle bileta før dei vert publiserte på profilen vår. Men har vi lagt ut bilete du ønskjer at vi likevel ikkje skal vise, så sender du oss ein e-post med beskjed om det: isturlag@gmail.com.

Frå før har ung-gruppa vår: DNT ung Indre Sunnfjord eigen profil. Dei ønskjer at bilete du vil dele med dei er merka med emneordet #dntungist.

Lykke til! Vi gler oss til mange flotte turbilete. :-)