Friskt på trugetur

Foto: Roy Raasholm Fauske

Av og til er det godt å kjenne på elementa. Det fekk vi på denne trugeturen.

Spørsmåla var fleire framfor årets andre trugetur i regi av Indre Sunnfjord Turlag. For to veker sidan gjekk vi - på broddar - til Klungeren i solskinn. Denne laurdagen stod Fauskevarden for tur. Ein nydeleg topptur - i godt ver.

Første spørsmålet var - vert det nok snø til å gå på truger på? Med påfyllet dei siste dagane vart svaret ja. Deretter endra vermeldingane seg frå flott påskever til meir ustabile meldingar om snøg, regn og sterk vind. Dermed dukka neste spørsmål opp: er det råd å gå til Fauskevarden likevel?

Det lurte vi framleis på - vi sju som møtte på Esso laurdag føremiddag. Men i det vi steig ut av bilane i rennefokket i Vasslia, var valet eigentleg ganske enkelt: plan B - den noko kortare turen til Nordheia/Djupeviknipa. Dette er eit flott turområde både sommar og vinter, med flott utsikt i dei fleste himmelretningar.

Turen gjekk fint oppover lia i ei godt trakka trugerås frå tidlegare i veka. Godt med snø til trugene var det og. I den skogkledde lia gjekk vi le for den verste vinden. Men over tregrensa, innetter fjellet i området mellom varden på Nordheia og Djupeviknipa, fekk vi kjenne på elementa. Snødriv og sterk vind gjorde at nista vart med heimatt - og utsikten, ja, den måtte nytast i fotoarkivet denne gongen. Etter vel 50 minuttars gonge, valde vi å stoppe på ei høgde rett aust for Djupeviknipa, før vi returnerte i dei allereie delvis gjenblåste spora våre. Tryggast slik.

Friskt ja, men det gjev noko ekstra å kjenne på elementa. Kakaoen i solhellinga tek vi på neste tur. :-)

Foto: Roy Raasholm Fauske